Ny kyrkje

Mistar støtte på 3 millionar

– Du kan godt seie at me mistar tre millionar for at dette drar ut i tid, seier kyrkjeverje Christfried Kaul.

Ny kyrke: Det er Snøhetta som har teikna den nye kyrkja i Ulsteinvik. 

Ein kan søkje på ny på prosjektet, men kriteria for kva ein kan søkje til endrar seg.

Christfried Kaul
Nyhende

I 2016 fekk Ulstein kommune tre millionar i å støtte frå Miljødirektoratet. Pengane skulle gå til klimatiltak i den nye kyrkja som skal byggjast i Ulsteinvik. Ein føresetnad for å få desse kronene var at pengane vart brukte innan 2019. Men då soknet ikkje var i gang med bygginga av ny kyrkje, fekk dei utsett frist til 2020. Men det er framleis uvisst når den nye kyrkja vil bli realisert, så no i vår har kyrkjeverje Kaul og Ulstein kommune sagt frå seg dei tre millionane dei skulle få i støtte.