Norsk Friluftsliv håpar vi unngår søppel-sommar

Organisasjonen Norsk Friluftsliv ber alle som ferdast i naturen om å rydde opp etter seg. Foto: Siri Meland 

Nyhende

No i koronatida er fleire ute enn tidlegare, og mange brukar naturen som sosial møteplass. Norsk Friluftsliv ber både turgåarar og kommunar bidra til sporlaus ferdsel i naturen.

– Vi er veldig glade for at mange no hygger seg og er sosiale ute i naturen. Men når folk legg att søppel etter seg, er det bekymringsverdig, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv Bente Lier.

Lier trur det kan vere spesielt viktig at dei som kanskje ikkje er så vane med å vere ute får tydeleg informasjon om korleis ein bør oppføre seg i naturen.

– Det er viktig å vere klar over plikta til det vi kallar sporlaus ferdsel, at det skal sjå like fint ut når vi drar, som då vi kom. Det ønskjer vi at folk er bevisste på, enten dei er nye i friluftslivet eller ikkje, seier ho.

Norsk Friluftsliv oppfordrar også kommunane til å ta grep for å leggje til rette for sporlaus ferdsel i tida framover.

– Som i fjor skal dei aller fleste av oss feriere i Noreg i år, og mange vil ut i naturen. Då er det viktig at kommunane er klare, og sørgjer for nødvendig tilrettelegging og kapasitet. Gode avfallsløysingar, tydeleg skilting og tilrettelagde grillplassar er viktige tiltak mot forsøpling i naturen, seier Bente Lier.