Ber turfolk frå kommunar med mykje smitte halde seg i eigen kommune

Nyhende

Laurdag 1. mai startar årets Stikk UT!-sesong. Frå den dagen blir det mogleg å registrere kodar igjen, og det meste skal vere på plass.



Sunnmøre Friluftsråd ønskjer Herøy velkomen som ny deltakarkommune. Sunnmøre Friluftsråd skriv i ei pressemelding at det ventar 15 flotte nye turmål i Herøy. I tillegg finn ein Stikk UT!-turar i dei same kommunane i fylket som i fjor: Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Heim, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.

Tryggleiken kjem først

Diverre har ikkje koronapandemien slept taket. Sunnmøre friluftsråd ber alle om å følgje til ei kvar tid gjeldande forskrifter frå kommunar og regjering.

- Fram til 9. mai oppmodar vi spesielt folk i Ålesund, Sula og Giske om berre å gå turar i eigen kommune. Generelt oppmodar vi folk også i andre kommunar som opplever smitteutbrot, om ikkje å reise til andre kommunar før smittesituasjonen er under kontroll, skriv dei i ei pressmelding.

På grunn av snø er det ein del turar som diverre ikkje kan opnast 1. mai, dette er særleg turar i høgda. Der er heller ikkje turkoden kome på plass, så det er uansett ikkje råd å registrere turane før dei opnar. Turgåarar kan sjekke opningsdato for dei ulike turane i appen eller på nettsida til Stikk Ut! Ein bør ikkje gå før turen har opna.



Det er til saman 471 turar i fylket som ventar på besøk det neste halve året. Det er turar i ulike vanskegradar, så her skal vere noko for alle.