Russen skal koronateste seg sjølv

Fire avgangsklasser på Ulstein vidaregåande skule starta onsdag med å koronateste seg sjølv.

Ei av idrettsklassene på Ulstein vidaregåande skule får informasjon om koronatestinga.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Målet er at vi skal oppdaga skjult smitte, og at smitten skal oppdagast på eit tidleg tidspunkt, sa helsesjukepleiar Hanna Langnes Moldskred då ho fortalde klasse 3ID1 om testinga onsdag morgon.