Forsking i fjøra på Flø

I månadsskiftet august/september vil forskarar kome til Flø.

Forskarar vil sjå og forske på tang i strandsona. (illustrasjonsfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ulstein kommune har blitt kontakta av forskarar frå Norsk institutt for vassforsking som i samarbeid med Universitetet i Oslo skal på feltarbeid på Søre Sunnmøre. Dei har tenkt å ha base på Flø, men skal også andre stader i Herøy og Ulstein. Dei vil studere korleis oppsplitting av tang i strandsona påverkar samfunna (alle dei marine dyra og algane) som lever der.