Saniteten:

– Kjekt å kunne hjelpe

Ulsteinvik Sanitet bidreg med alt frå handsprit til russen, til hjelp under vaksinering.

Russestøtte: Ulteinrussen har fått støtte så kvar russ og russebuss er utstyrt med handsprit. Solveig Kristensen var sjølv russepresident for 44 år sidan, og synest det er bra at russen tar smittevern på alvor. Julie Årdal Dahl og Marlen Hjorthaug Strand er takknemlege for støtta. Julie er økonomansvarleg og søkte om støtte. Marlen er prevensjonsansvarleg, og tar seg av beskyttelse på så mange vis. Bakpå russedressen har ho bilete av Mona Lisa, med munnbind. Alle foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Russane Julie Årdal Dahl (økonomiansvarleg) og Marlen Hjorthaug Strand (prevansjonsansvarleg) set stor pris på den økonomiske hjelpa dei fekk frå Ulsteinvik Sanitetsforeining, så dei fekk utstyrt kvar russ med ei lita flaske anti-bac. Kvar russebuss har fått ei større flaske. På dette viset håper dei å hindre eventuell smitte.