NAV melder om færre ledige under 30 år

Nyhende

NAV Møre og Romsdal skriv i ei pressemelding at det den siste månaden har blitt færre ledige under 30 år. I fylket er det 1019 heilt ledige, og 556 delvis ledige i denne aldersgruppa. Det er ein nedgang på 41 og 55 den siste månaden. Dette er ei gruppe som er høgt prioritert av NAV å arbeide med. Mellom dei 1575 som er heilt eller delvis ledige, er det 650 som har vore arbeidssøkjarar i over seks månader. Det er 300 fleire enn før nedstenginga i mars i fjor.


Leiaren for NAV Hareid-Ulstein-Sande fortel at arbeidsløysa lokalt minkar:

– Veldig gledeleg

Den lokale NAV-leiaren Alexander Måseidvåg fortel at talet på heilt ledige har gått ned sidan nyttår – både i Hareid og Ulstein. – Det er gledeleg å sjå at folk får nytt arbeid, seier han.


Også den samla arbeidsløysa går ned i fylket den siste månaden. Ved utgangen av april var den samle arbeidsløysa i Møre og Romsdal, heilt og delvis ledige, på 4,8 prosent. I landet er den på 6,5 prosent.

I Hareid var den samla arbeidsløysa, heilt og delvis ledige, på 7,6 prosent. I Ulstein er ho på 6,8 prosent. I Herøy 7,9 prosent. I Sande 6,0 prosent.

NAV Møre og Romsdal melder at det er størst tilgang av stillingar i fylket innan helse, pleie og omsorg.