Ønsker fleire faste givarar til Live Åtte:

– Det er lite som skal til

Den Ulsteinvik-baserte stiftinga Live Åtte driv i dag ei avlastingsleilegheit for ei ung kvinne med utviklingshemming – og eit tilbod med avlasting i heimane til 14 familiar i Katmandu i Nepal. Men for å kunne halde fram tilbodet, treng ein meir støtte frå både private og næringslivet.

Live Åtte: Ellen Kvalsund (f.v.), Inger Annie Rise og Eli Skaatun i stiftinga Live Åtte fortel at ein gjerne ønsker fleire faste givarar – både privatpersonar og verksemder. Medan koronapandemien har ført til mange ulike konsekvensar for det norske samfunnet – står det langt verre til i Nepal. Stiftinga driv der ei avlastingsleilegheit for ei kvinne med utviklingshemming – i tillegg til eit tilbod med avlasting i heimane til 14 familiar i hovudstaden Katmandu. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

– Det er veldig vanskeleg å få hjelp frå staten i Nepal, og mødrene uroar seg veldig for kva som vil skje med borna når dei sjølve fell ifrå. Her i Norge har vi eit velferdssystem som tek seg av dei svakaste – det har ein ikkje i Nepal, seier styreleiaren og initiativtakaren til Live Åtte, Eli Skaatun.