Legesenteret opnar 3. mai

Fredag ettermiddag stengde dørene ved det gamle Hareid legesenter for godt. Måndag morgon startar dei tilsette opp i splitter nye lokale i Helsehuset.

staben: 3. mai opnar Hareid legesenter i dei nye lokala sine i Helsehuset. Framme frå v: Vidar Vollsæter, Camilla Berg Natvik, Camilla Håbakk, Lill-Christin Berge Moldskred, Kari-Anne Sandvik Yksnøy. Bak frå v: Anne-Beate Bigset, Nataliya Overå, Ole-Martin Endresen, Thomas Gyldenløve. Foto: Hareid legesenter 

Nyhende

– Nokre trur at vi har flytta ned i Helsehuset allereie, men vi opnar ikkje dørene før måndag 3. mai, fortel helsesekretær Anne Beate Bigset som også er dagleg leiar ved Hareid legesenter.