Staten tilbyr under halvparten av kravet frå bøndene

Staten tilbyr ei ramme på 962 millionar kroner i jordbruksforhandlingane. Det er langt lågare enn kravet frå bøndene på 2,1 milliardar kroner.

Statens forhandlingsleiar Viil Søyland la tysdag fram tilbodet i jordbruksoppgjeret.   Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nyhende

– Urovekkjande lågt, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag om tilbodet som blir lagt fram på ein pressekonferanse tysdag formiddag.