Feira ny klubbhuskjellar

Ny klubbhuskjellar: Måndag markerte Haddal IL at kjellaren i klubbhuset på Solsida har fått seg eit kraftig løft. Det feira Marianna Moldskred, Gunnar Ringstad og Einar Nevstad frå Haddal IL saman med barn frå Blåtinden Barnehage, Pers VVS som har gjort ein solid jobb i kjellaren og med Lillian Kleven Breivik frå idrettslaget sin hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  

Nyhende

Måndag føremiddag inviterte Haddal IL til markering av at det går mot lysare tider også i kjellaren på klubbhuset på Solsida. Dei siste par månadane har Pers VVS og Aasebø & Ulvestad Installasjon vore i sving for å gje klubbhuskjellaren eit etterlengta løft.