Ulstein: Ny person har testa positivt

Nyhende

Ein gjestearbeidar har tysdag testa positivt for koronaviruset i Ulstein kommune. Det skriv kommunen på sine nettsider.

Vedkomande har ingen symptom, men vart testa i innreisekarantene.

Gjestearbeidaren er overført til isolasjon. Personen har ingen nærkontaktar.