Vestre Sunnmøre Bondelag med markering på Flø:

- Vi er skuffa over tilbodet frå staten

Markering: Her er eit knippe av dei som driv gardsbruk og småbruk i området til Vestre Sunnmøre Bondelag - og som tysdag hadde ei markering på Ytreflø. Frå venstre ser ein Martinus Hjørungdal, Per Gunnar Hjørungdal, Svein Ulrik Brubakk - leiar i Vestre Sunnmøre Bondelag, Lillian Flø, Lars Liljedahl, Jon Arne Rødskar, Jostein Dimmen og Olav Dimmen. Dei reagerer, til liks med tusenvis av andre - på tilbodet som kom frå staten i årets jordbruksoppgjer.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Tysdag ettermiddag var fleire bønder frå regionen samla på snuplassen på Ytreflø – for å markere at dei står saman med dei andre jordbruksorganisasjonane – som er svært skuffa over staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret. Bøndene bad om 2,1 milliardar kroner – men tilbodet frå staten var på knappe 962 millionar kroner. Torsdag 6. mai blei det brot i forhandlingane – og sidan har jordbruket sitt forhandlingsutval valt å ikkje forhandle vidare med staten.