Noreg har passert 2 millionar vaksinedosar

Over 2 millionar dosar med koronavaksine er no sett i Noreg, viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

No er det sett over 2 millionar dosar med koronavaksinar i Noreg.   Foto: Illustrasjon/Marit Hommedal/NTB.

Nyhende

27. desember 2020 vart første koronavaksine sett i Noreg, og natt til onsdag var det oppdaterte talet på sette dosar 2.019.546, ifølgje FHIs oversikt.