Søknadsplikt

– Alltid lurt å spørje

Fleire byggjeprosjekt er unnateke søknadsplikt, men det er ditt ansvar som utbyggjar å sørgje for at du held deg innanfor regelverket. Gjer du ikkje det risikerer du gebyr og å måtte rive det du har bygt.

Spør: Anita Sundnes, Alf Johan Antonsen og Arne Runar Vik vil oppmode alle som har byggjeprosjekt på gang om å forhøyre seg med kommunen først om det er noko som er søknadspliktig. – Det er tiltakshavar sitt ansvar å sjekke om det er innanfor regelverket. Det hjelp ikkje at det er gjort i beste meining, seier Vik og fortel at utbyggjar i verste fall får gebyr og må rive det han har bygt. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Kommunen kan ha eigne reglar og vedtak om plassering, utforming og storleik vanlegvis fastlagt i reguleringsplan. Og kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik, seier at desse reglane er ulike i ulike delar av kommunen. Anita Sundnes, som er for leiar og plan- og bygningsavdelinga, tipsar om at det kan vere lurt å spørje kommunen før ein går i gang med å byggje. Det er gratis å spørje. Om noko er søknadspliktig må ein betale gebyr, men det kan fort løne seg jamfør å berre gå i gang. Blir ein då oppdaga i ettertid, må ein gjerne betale både gebyr for sakshandsaminga og overtredelsesgebyr, og ein får kanskje pålegg om å rive byggverket attpå til. – Ein bør ta ein sjekk og vere sikker på at det ein skal til med er etter regelverket, tipsar dei.