Sjå bilde frå skulane og barnehagane i Hareid og Ulstein:

Feira nasjonaldagen på forskot

Ved dei fleste skulane i Hareid og Ulstein vart nasjonaldagen feira på forskot, onsdag 12. mai.

Song for eldre: Tredjetrinnen ved Ulsteinvik barneskule feira 17. mai på forskot med barnetog, song for bebuarane på sjukeheimen, 17.mai-leikar på skuleplassen og sjølvsagt store mengder kaker og is. 

Nyhende

Med dei strenge smitteverntiltaka som rår, har skular og barnehagar feira 17. mai på forskot. Dei fleste gjorde dette siste dag før langhelga, onsdag 12. mai. Vi har bedt dei sende oss nokre glimt frå feiringa rundt om, og nokre av bilda vi har fått tilsendt finn du her.