Vil ha fleire unge til å spele trekkspel

Sosialt: – Trekkspel er kjekt og sosialt, seier Linda Nygård som stiller som instruktør under seminaret i regi av Ulstien Trekkspelklubb og Norske Trekkspilleres Landsforbund Møre og Romsdal den siste helga i mai. Arkivfoto 

Nyhende

– Det er i første rekke barn og unge som har lyst til å spele trekkspel vi ønskjer å komme kontakt med, fortel Linda Nygård i Ulstein Trekkspelklubb.

Saman med fylkeslaget av Norske Trekkspilleres Landsforbund (NTL) inviterer dei no til trekkspelseminar på Reiten i Ulsteinvik den siste helga i mai.

Her vert deltakarane delt inn i tre grupper, alt etter kva nivå dei er på. For dei vidarekomne er det Kristina Farstad Bjørndal som er instruktør, medan Kåre Jørve vil ta seg av dei som har spelt i to år eller meir. Linda Nygård vil vere instruktør for nybegynnarane.

Trekkspel til utlån

– For nybegynnarane har vi trekkspel til utlån dersom det er behov for det. Berre sei ifrå om dette ved påmelding, seier Nygård. Påmeldingsfristen er sett til 21. mai. Ho legg elles til at det er avgrensa med plassar av omsyn til smittevernet.

Ho fortel at rekrutteringa til trekkspelklubben har dabba litt av i det siste, men at dei gjennom dette seminaret, som elles er det tredje i rekka, håper å kome i kontakt med trekkspelinteresserte barn og unge.

Ulstein Trekkspelklubb vart skipa i 2009 og har i dag medlemmer frå 16 år og oppover. Hovudvekta av medlemmene er frå Ulstein.

– Vi hadde fleire yngre medlemmer tidlegare, men mange av dei har flytta vekk på grunn av skulegang. No er vi 13–14 medlemmer, opplyser ho.

Linda Nygård trekkjer særleg fram det sosiale ved trekkspelmiljøet som noko av dei som er mest gjevande.

– Samspel er kjekt! Elles er trekkspelet eit heilt orkester i seg sjølv. Det er eit svært allsidig instrument og det høver godt for barn, ettersom du kan få trekkspel som er tilpassa kroppsstørrelsen din, seier ho.