Heldt innlegg om einerettsmodellen på landsmøtet til Høgre:

- Den skal førebyggje at folk blir spelavhengige og hjelpe dei som slit

Heldt digitalt innlegg: Anders Riise, tidlegare ordførar i Hareid og noverande gruppeleiar i Møre og Romsdal Høgre, heldt innlegg under debatten om einerettsmodellen på Høgre sitt digitale landsmøte i helga.  Foto: Skjermdump.

Nyhende

Tidlegare Hareid-ordførar og noverande gruppeleiar for Høgre i Møre og Romsdal, Anders Riise – heldt eit innlegg på Høgre sitt landsmøte i høve programkomiteen i Høgre sin såkalla "dissens nummer 11". I denne dissensen gjekk det fram at komiteen ønskte å oppheve einerettsmodellen til Norsk Tipping. I starten av innlegget sitt sa Riise at debatten rundt dette punktet var ein av dei prinsipielt viktigaste under årets landsmøte i partiet.