Ella (7) hengde opp si eiga russekortkasse - har fått hundrevis av russekort

Ella Fjørtoft Holta fekk i slutten av april hjelp av faren Odd Egil til å setje opp ei eiga russekortkasse nede ved vegen på Flø. Resultatet så langt - 284 russekort.

Sette opp russekortkasse: Ella Fjørtoft Holta fekk i slutten av april hjelp av pappa Odd Egil til å henge opp ei eiga russekortkasse like ved vegen ved heimgarden på Flø. Så langt har 7-åringen fått heile 284 kort! Her poserer ho framfor kassa og skiltet ho har måla saman med lammet Toffen.  Foto: Privat.

Nyhende

- Det var gøy og snilt av russen å gi så mange kort. Det har vore spennande kvar morgon, når eg har sett etter nye russekort, seier Ella Fjørtoft Holta (7 - snart 8) til Vikebladet Vestposten.