Hareid kommune går ein million i minus kvar månad

Politikarane etterlyste tiltak og handlekraft då dei fekk høyre at Hareid kommune ikkje greier å halde seg innanfor budsjettet.

Minus: Sjølv om kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge er tilbake etter sjukmelding, var det Kariann Bigseth som var sakshandsamar for kvartalsrapporten. Berge forsikra om at dei jobbar godt med økonomi i kommunen. Oskar Grimstad varsla at dei er nøydde til å ta upopulære avgjerder for å få ned kostnadene til kommunen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Etter økonomileiar Bjørnar Haddal hadde orientert Hareid formannskap om kvartalsrapporten for dei første månadene av 2021, der det mellom anna kom fram at kommunen kan gå med 12 millionar i minus i 2021, takka ordførar Bernt Brandal for ei god, men deprimerande framlegging. Ordføraren veit at dei tilsette jobbar hardt med å snu trenden der dei går med ein million i underskot kvar einaste månad.