Jakt og fiske-boom under korona

Interessa for Jakt og fiske har eksplodert under koronapandemien. Den ferske jegeren Astrid Solhjell trur pandemien var med å påverke henne til å byrje med jakt.

Byrja i fjor haust: Astrid Solhjell byrja med jakt i fjor haust. Ho skaut ein hjort og eit reinsdyr den første sesongen som aktiv jeger. Her er ho og reinsdyret ho skaut den første jaktdagen av reinsdyrjakta 2020.   Foto: Privat.

Nyhende

– Eg byrja med jakt fordi eg i fjor haust blei veldig interessert i det. Eg har vakse opp i ein familie med ein far som driv med jakt, men interessa kom eigentleg ikkje for fullt før i fjor, seier Astrid Solhjell til Nynorsk pressekontor.