Norske bunader blir forsikra for milliardar

Stadig fleire forsikrar bunaden sin. Tryg anslår at 80.000 norske bunader er forsikra for 3,2 milliardar kroner.

Mange har valt å forsikre bunaden sin.   Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Nyhende

– Tryg har no passert over 12.000 bunadsforsikringar, og gitt marknadsdel og dessutan tal andre i bransjen har gått ut med, anslår eg at det per i dag er rundt 80.000 med eiga bunadsforsikring i Noreg, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen til NTB.