Betre veg til Almestranda

Hareid kommune vurderer å oppgradere den kommunale vegen.

Kommunalsjef: Kai-Rune Bjørke trur det vil koste meir enn ti millionar. 

Nyhende

Private utbyggjarar har kontakta Hareid kommune om at dei ønskjer å byggje hytter og leggje til rette for turisme i Almestranda. Dei ønskjer ikkje å gjere terrenginngrep på staden, så det må fraktast store mengder med stein på vegen for å lage til ein molo.