Næringsfond covid-19 2021

Delte ut pengar

Både Lisa Mari Breivik Anderson og Knut Erik Engh hamna på tilhøyrarbenken då Ulstein formannskap delte ut pengar frå næringsfondet.

Ugilde: Lisa Mari Breivik Anderson og Knut Erik Engh vart funnen ugilde og sat på tilhøyrarbenken. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Lisa Mari Breivik Anderson har søkt om støtta til firmaet sitt Gode Greier. Den søknaden kom ikkje opp på dette formannskapsmøtet, men etter litt om og men kom formannskapet til at det var best at ho sette seg på tilhøyrarbenken og ikkje var med å handsame dei andre søknadene. Om formannskapet valde å dele ut alle pengane på dette møtet, er det ikkje pengar att å dele ut på neste møte.