Sundag på Flø

Stiller ut Nix og Porsche

Det har vore stilt lenge nok frå Flø, meiner gallerist Hugo Opdal. Han gler seg til sundag, då han inviterer folk til kunst- og porscheutstilling.

Nix: Kunstnaren Nix lagar leiken og moderne kunst. Der skal mellom anna vere med eit kunstverk der publikum kan styre fargane sjølve med ein app.  Foto: Kevin Norby

Nyhende

Koronarestriksjonar har gjort det vanskeleg å arrangere kunstutstillingar og arrangement på Studio Hugo Opdal. Galleristen har eit stort nettverk av internasjonale kunstnarar, men det siste året har det ikkje vore så lett å organisere ting som inkluderer reising frå utlandet.