Sommarles

I dag går startskotet

I dag, 1. juni, går startskotet for årets Sommarles. Gjennom å lese kan borna samle seg både digitale og fysiske premiar.

Sommarles: Endeleg er det sommarles, seier Britt Myrene, Kjerstin Haddal og Ann Kristin Sørensen. Dei gler seg til å ta imot leselystne born på biblioteket. Dei hjelper gjerne til å med å finne passande lesestoff og hjelpe brukarane til å registrere seg på Sommarles.no. Startskotet er digitalt, det er berre å søkje på Sommarles på YouTube. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Sommarles.no er ein nasjonal, digital sommarlesekampanje i regi av folkebiblioteka, for alle born frå 1. til 7. klasse. Verdt å merke seg at alle som skal byrje i førsteklasse i haust kan bli med. Det er ikkje berre bøkene borna les sjølve som ein kan registrere og få poeng for, også lydbøker og når nokon andre les for barnet kan ein registrere. Gjennom å samle poeng kan ein få premiar på biblioteket.