Såg ikkje behov for å opprette lågpristilbod på kulturskulen

Ulstein formannskap viser til at kommunen har ordningar for å sikre at alle born og unge kan delta i idrett- og kulturaktivitetar.

Det var ikkje fleirtal i Ulstein formannskap for å be Ulstein kulturskule om å vurdere å starte billegare tilbod.   Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Ulstein SV fremja på sist kommunestyremøte eit oversendingsframlegg der ein ber kulturskulen innan november sjå om dei kan etablere nokre tilbod som er billegare enn dagens tilbod, eventuelt gratis. Bakgrunnen er at ein del synest dagens ein-til-ein-tilbod er kostbart, kanskje det ville vore rimelegare med gruppeundervisning, som er mindre ressurskrevjande?