Her er det effektiviteten, ikkje estetikken som rår

Viss Coop-leiinga ikkje har tenkt å henge opp store reklameplakatar, bør elevar ved Hareid kommunale musikk- og kulturskule få pryde veggen, for slik det står i dag, er det rett og slett stygt.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

«Det som er pent, er pent», prøvde ei mann frå Grimstad å runde av eit ordskifte med. Diskusjonen hadde gått høglydt om eit nytt bygg (kva for eit veit eg ikkje), og han visste i alle fall kva som var pent. I det siste har eg følgt ein del med på «Arkitekturopprøret Norge» sine diskusjonar på Facebook og Instagram. Opprøret i Noreg vart starta i 2016, og initiativtakarane meiner arkitekturen har blitt styggare gjennom åra - og at utbyggjarar med stort behov for profitt har vingeklipt arkitektane. Resultatet har gjerne vorte moderne, firkanta kasser i grått og kvitt, som ikkje akkurat er med på å forskjønne uteromma og gjere det triveleg for folk som skal ferdast der.