Vi blei med på fartsfylt Rib-tur frå hotellkaia:

– Dette var utruleg artig

Det mangla ikkje på skrik, gapskratt og store smil då elevane i klasse 10B ved Stranda ungdomsskule var med Coast Safari på Rib-tur frå Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik til Grasøyane.

Med Runde og Grasøyane som kulisse: Her hadde båtførar Kjell-Olav Kleppe akkurat stoppa opp, slik at underteikna fekk ta eit bilde av elevane i klasse 10B – med Runde og Grasøyane i bakgrunnen. Under turen elles heldt båten for det meste ei fart på minst 40 knop. På det aller meste var den oppe i 55 knop - eller nesten 102 kilometer i timen. – Meir fart, meir fart, skreik elevane ut då dei fekk spørsmål om det gjekk for raskt for dei.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

– Dette var utruleg artig, sa Julie Alme Åsen til Vikebladet Vestposten etter at Rib-båten var tilbake frå tur og fortøydd ved hotellkaia.