Sluttar i Ulstein Næringsforum

Daniel Garden har sagt opp jobben som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum.

Jobbskifte: Daniel Garden tok til i stillinga som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum for to år sidan. No sluttar han - og byrjar i staden i ny jobb i ÅKP i Ålesund.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

– Eg har takka ja til ein ny jobb og sluttar 1. september. Det var eit vanskeleg val, seier Garden. Han fortel at han skal starte i innovasjonsselskapet ÅKP i Ålesund, men at han førebels ikkje kan fortelje kva han skal arbeide med der.