Ny, lang tunnel på Strynefjellsvegen får plass i Nasjonal transportplan:

- Dette gler vi oss stort over

Jan Thormodsæther, dagleg leiar i Mafoss, har vore aktiv i styringsgruppa til Vegforum RV15 i fleire år. Han og mange andre jublar over at ein ny lang tunnel på Strynefjellsvegen er med i første periode av Nasjonal transportplan 2022–2033.

Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Maritim foreining for Søre Sunnmøre (Mafoss), har i fleire år vore aktiv i styringsgruppa til Vegforum RV15 - og gler seg over at oppstart av ny lang tunnel på riksveg 15 Strynefjellet ligg inne i første periode av Nasjonal transportplan 2022-2033. 

Nyhende

Torsdag i førre veke blei det klart at regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF legg inn 500 millionar kroner til oppstart av ny lang tunnel på riksveg 15 Strynefjellet i første periode av Nasjonal transportplan 2022–2033. Prosjektet skal fullfinansierast i andre del av NTP-perioden.