Semje om Nasjonal transportplan – plussar på 5 milliardar

Bygging av motorvegar tar ein solid jafs av den nye nasjonale transportplanen som blir vedtatt i Stortinget neste veke. I alt set regjeringa av 520 milliardar kroner til riksvegar dei neste 12 åra, medan 393 milliardar blir sett av til jernbaneutbygging. Her ny E39 mellom Kristiansand og Mandal aust. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK 

Nyhende

Stortingsfleirtalet vender Framstegspartiets vegbyggingsiver ryggen og går i store trekk inn for regjeringsforslaget til Nasjonal transportplan (NTP).