Trygg Trafikk fryktar ny ulykkestopp i sommar

Sommaren er høgsesong for trafikkulykker – 50 prosent fleire mistar livet i sommartrafikken enn resten av året. Trygg Trafikk fryktar talet i sommar blir verre.

Ny ulukkessommar? Trygg Trafikk fryktar at vi kan stå overfor ein ny ulukkessommar i år ettersom mange vel bilferie i eige land i sommar.   Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Nyhende

Så langt i 2021 har ulykkestala gått riktig veg samanlikna med fjoråret, men med ein ny heimesommar der mange vel å dra på bilferie i eige land, fryktar Trygg Trafikk at sommarmånadene kan bli stygge når det gjeld talet på trafikkulykker.