Ishavsmuseet får endå meir pengar

Ishavsmuseet i Brandal får ein million kroner ekstra i revidert nasjonalbudsjett.

Frå venstre: Webjørn Landmark, Ingebjørn Grimstad, Annika Brandal og Anders Riise.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Eg ser på løyvinga som aksept for det grundige arbeidet vi har gjort, og det er veldig gledeleg at politikarane har lagt merke til det, seier Willy Nesset. I rundt ti år har han vore leiar i komiteen som arbeider for at museet i Brandal skal få nasjonal status. Han har vore i mange møte med stortings- og regjeringspolitikarar. På nasjonalbudsjettet for 2021 vart det også løyvd ein million kroner.