No er nattbussen frå Ulsteinvik til Oslo tilbake

Nattavgangane på ruta frå Volda, via Ulsteinvik - til Oslo - er tilbake for fullt.

Tilbake: Nattbussen til Vy er tilbake for fullt igjen - frå og med 18. juni. Bussen tek til på ruta i Volda - men køyrer mellom anna innom Ulsteinvik på vegen til Oslo.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Arkiv.

Nyhende

- Etter ein lang periode med avgrensa tilbod på grunn av låg reiseaktivitet under pandemien, er vi no glade for å kunne betre tilbodet, seier planleggjar i Vy, Kim Andrè Blindheim Eide, til Vikebladet Vestposten.