Datatilsynet:

Ikkje legg ut koronapasset på nett

Styresmaktene åtvarar mot misbruk og falskneri og ber folk som har fått koronasertifikat, innstendig om ikkje å leggje ut bilete av det på internett.

Koronapass: FHI har lansert eit nytt koronasertifikat, der ein QR-kode i ein mobilapplikasjon viser om ein person er fullvaksinert.  Foto: Illustrasjon/Heiko Junge/NPK/NTB.

Nyhende

Datatilsynet åtvarar sterkt mot på leggje ut bilete av koronapasset på til dømes sosiale medium, fordi informasjonen kan misbrukast og gjere det mogleg å produsere falske koronabevis, ifølgje Flysmart24.