Koronasertifikatløysing for ikkje-digitale brukarar på trappene

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) arbeider med ei løysing som om nokre veker skal gjere det mogleg å bestille koronasertifikat på papir.

På papir også: Helsedirektoratet og FHI jobbar med ei løysing som om nokre veker skal gjere det mogleg å bestille koronasertifikat på papir. Her er den digitale utgåva.   Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Nyhende

Rundt 110.000 personar kan ikkje bruke PC, mobil eller nettbrett for å laste ned koronasertifikat frå Helsenoreg. Det er uvisst kor mange av desse som faktisk har behov for eit koronasertifikat, skriv Helsedirektoratet i ei pressemelding.