Kosa seg i utebadet: Vanlegvis er ikkje utebada opne for badande i skuletida – men denne skuledagen i juni gjorde ein eit aldri så lite unnatak. Dei seks som her smiler til ære for fotografen er Ingeborg Øyehaug Høydal (f.v.), Synne Øvrelid Solås, Maria Dalhaug, Marley Leader, Olav Sætre og Sondre Grimstad Sukka. Dei storkosa seg i det eine av dei to boblebada som har kome på plass på uteplassen til Ulsteinbadet. Bak dei ser ein fleire av dei gamle trehusa i Ulsteinvik sentrum. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

– Vi får håpe på nokre regnvêrsdagar også

Kultursjefen i Ulstein kommune vil aller helst ha ein solrik sommar – men for Ulsteinbadet sin del meiner han det godt kan kome nokre gråe dagar innimellom også. Den tanken er nok også «Badekalle» på Sunnmørsbadet einig i.