Krev at sjåføren blir straffa

Påtalemakta meiner sjåføren som overlevde ulukka i Haddal i oktober i fjor, må dømast for aktlaus køyring.

Unni Moen Vikebakk er politiinspektør i Møre og Romsdal poliitdistrikt. Ho er aktor i saka etter dødsulukka i Haddal i oktober 2020.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Dette er ei sak med berre taparar, vi er samde om at alt er berre trist. Det retten no skal ta stilling til, er om tiltalte var uoppmerksam og om det var årsaka til ulukka, sa aktor, politiinspektør Unni Moen Vikebakk i sin avslutningsprosedyre i Møre og Romsdal tingrett onsdag.