Utval delt i harde frontar om barnehagefinansiering

Barnehageutvalet legg fram to ulike finansieringsmodellar for private barnehagar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK 

Nyhende

Utvalet som har sett på barnehagefinansiering, er ikkje samde om vilkåra for private barnehagar. Både fleirtal og mindretal vil endre rolla til kommunen.

Dagens finansieringssystem for barnehagar vart forma ut då barnehagereforma i 2003 førte til ei storstilt utbygging av nye barnehagar etter at alle barn vart sikra barnehageplass.

Fleirtalet i utvalet består av utvalsleiar Knut Storberget, Virke, KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Dei er bekymra for kjededanninga i sektoren og viser til analysar som tyder på at det er superprofitt i sektoren. Det betyr at avkastinga er langt høgare enn det barnehageeigarar kunne forvente seg.

Fleirtalet vil gi kommunane moglegheit til å lage lokale reglar for finansiering av barnehagar.

Private barnehagers landsforbund (PBL) utgjer mindretalet i utvalet. Dei ønskjer eit grunntilskot til barnehagane som skal sikre finansiering av dei nasjonale krava alle barnehagar skal innfri.

PBL fryktar konsekvensane av forslaget frå fleirtalet. Det truar tilbodet for 140.000 barn i private barnehagar, ifølgje administrerande direktør Anne Lindboe.

– Vi synest det er svært oppsiktsvekkjande at fagforeiningane og Virke er villige til å fjerne den lovfeste retten til likebehandling – som sikrar barn i private barnehagar eit likeverdig tilbod med barn i kommunale barnehagar, seier ho.