Samrøystes ja til turnhall

Hareid formannskap sa samrøystes ja til å støtte ny turnhall. Dei gler seg til å sjå turnhallen oppført og i bruk av born og unge.

Turnhall: Hareid formannskap sa ja til å hjelpe med finansiering av turnhall og gje dispensasjon for bruk av matjord. Saka blir endeleg avgjort at Hareid kommunestyre neste veke. 

Nyhende

Den eine formannskapsmedlemen etter den andre tok ordet på formannskapsmøtet i går, torsdag, for å rose turngruppa til Hareid IL. for engasjementet og arbeidet som har vore lagt ned i denne saka. Dette er noko som har vore arbeidd med i mange år. Annika Brandal (V) stussa på høg rente, men Bernt Brandal (FoHA) sa at dette er noko som vil bli forhandla vidare om.