Positivt svar om turnhall

Men representantane frå Hødd Turn måtte vente lenge før dei kunne sleppe jubelen laus.

Vegar Brandal, Tore Liadal og Bjørn Roppen frå Hødd Turn måtte vente lenge, men det vart til slutt ein liten jubel frå Roppen, då turngruppa fekk positive signal om ny turnhall.  

Nyhende

Det vart eit svært langt kommunestyremøte i Ulstein torsdag. For sjølv om møtestarten var påskunda halvanna time, klarte ein ikkje å kome heilt i mål før over midnatt.