Hackarar krev løysepengar:

Biblioteka i Hareid og Ulstein utsette for dataangrep

Onsdag kom nyheita om at hackarar har kryptert dataa til om lag halvparten av biblioteka i Norge. Både i Hareid og Ulstein har ein mista tilgangen til viktige data.

Fortvilar: Britt Opsahl Myrene (t.v.) og Kjerstin Haddal ved Ulstein bibliotek fortvilar over at dei ikkje får tilgang til viktige data - som følgje av det omfattande dataangrepet. Eit angrep som har råka om lag halvparten av biblioteka i Norge - inkludert Ulstein bibliotek og Hareid folkebibliotek.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

- Det kjennest ganske håplaust ut, når viktig informasjon ikkje er tilgjengeleg, seier Kjerstin Haddal og Britt Opsahl Myrene ved Ulstein bibliotek.