Då motoren kom

Revy til Trebaatfestivalen

Ulstein mannskor og delar av Dimnarevygjengen øver inn eit flott stykke som skal setjast opp på Sjøborg kulturhus under Trebaatfestivalen.

Delar av Dimnarevyen: Bak i båten står Leif Dimmen og Ole Sande, som skal vere gretne gamle gubbar i framsyninga. Opp i båten står Torgeir Grimstad, Øyvind Kleven og Line Myklebust. Svein Børre Dimmen står lettare henslengt inntil båten, og Berit Roppen sit i båten. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Me stiller ikkje opp utan å lage litt sprell.

Trude Gurskevik Knotten
Nyhende

Måndagskvelden ljoma det mannskorsong ut frå eit vindauge i det nedlagde skulebygget på Dimna. Inne i bygget var det både karateøving og teaterøving.