Flyttemønster i Ulstein

30 innflyttarar frå Hareid

Ulstein kommune har laga eit oversyn over flyttemønsteret i første halvår av 2021. I rapporten kjem det fram at det har kome fleire barnefamiliar frå Hareid siste halvåret.

Ulstein: I første halvår av 2021 var det knapt fleirtal som flytta ut av Ulstein kommune, og ikkje inn til kommunen. 30 innbyggarar frå Hareid valde å flytte til Ulstein, medan 13 personar i Ulstein valde å flytte til Hareid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Oversynet viser at det er fleire som har flytta ut av Ulstein kommune enn inn. 167 personar har registrert seg med utflytting frå Ulstein kommune, 164 har meldt innflytting.