Fekk kontroll over brann i personbil

Ingen personar kom til skade, men brannen førte til store skadar på køyretøyet.

Ein bil fekk store skadar som følgje av brann i køyretøyet onsdag ettermiddag. Hareid og Ulstein Brannvesen rykte ut til bilbrannen på Eidet og fekk kontroll over flammane.   Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Hareid og Ulstein brannvesen har onsdag vore ute på ein brann i ein personbil på Hareidseidet. Ifølgje 110-sentralen i Møre og Romsdal har ein kontroll på staden og det er ikkje fare for personskade.