Etter dialog med Kystverket måtte kommunen tilpasse kaia

Kystverket reagerte på måte Hareid kommune ville bruke farvassavgifta til å dekke kostnader til bygging av kai. Kommunen har difor gjort nokre justeringar og lyser ut eit nytt anbod.

kaia: Det har blitt gjort nokre justeringar på den tiltenkte kaia i Hareid sentrum, etter dialog med Kystverket. Illustrasjon: David Lawford 

Nyhende

Kystverket fekk eit anonymt varsel om at Hareid kommune ville bruke pengar dei har fått inn på farvassavgifta til bygging av kai og tusenårsplassen. Dei kontakta kommunen som svara at årsaka til dette var at dei har sett behovet for ei kai som kan nyttast til lossing av gjenstandar som kjem inn under føresegnene i Hamne- og farvasslova § 36 a. «Det er slik at kommunen ikkje har eigna kai til dette og er avhengig av å få tilgang til private hamner for slike operasjonar.