Hareid kommune oppmodar folk om å teste seg

Nyhende

Hareid kommune skriv at legesenteret melder om auke i tal på personar med luftvegssymptom grunna luftvegsinfeksjonar. Smitten er størst mellom dei yngste, som ikkje er vaksinerte.

Dette blir forklart med at det kan ha ein samanheng med lette i koronatiltaka og auka mobilitet i befolkninga.

Det kan vere vanskeleg å skilje covid-19 frå andre luftvegssymptom, så dei oppmodar alle om å teste seg for korona ved den minste symptom eller mistanke.

Det er fleire månader sidan sist det vart påvist smitte i Hareid, men pandemien er ikkje over. Tidlegare i juli var det eitt smittetilfelle i Ulstein. Heldigvis var ingen av nærkontaktane smitta.

Førre veke vart den smittsame delta-varianten av viruset påvist i både Ålesund og Volda.