Kommunen vil leie trafikken til og frå Brekkane til sentrum

Medlemene i Næring og miljøutvalet og formannskapet skal gje ei skriftleg tilbakemelding på om dei godkjenner at detaljregulering for Brekkane blir lagt ut til offentleg ettersyn for andre gong.

Brekkane: Dette oversiktsbiletet er henta frå Hadarhus AS sin planomtale av prosjektet. Her vil dei regulere inn småhus og einebustader, med maksimalt to etasjar. Terrenget i planområdet er hovudsakleg dyrka mark. Det er ingen SEFRAK-registrerte bygningar i eller ved planområdet. 

Nyhende

Føremålet til detaljreguleringa for Brekkane er å utvikle eit heilskapleg, sentrumsnært og attraktivt bustadfelt for både frittliggande og konsentrerte småhus og einebustader. Til saman inntil 54 bueiningar.