Nytt liv til gamal leikeplass

Frå før av har Sunnmøre Folkehøgskule hatt ei frisbeegolfbane på skulen sitt område. No har dei utvida tilbodet.

Sunnmøre Folkehøgskule har oppgradert med blant anna desse to frisbeegolf-korgene.  Foto: Sondre Voksøy Bringsvor

Nyhende

Tidlegare i år fekk Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH) løyve frå Varleite Grendalag og Ulstein kommune til å setje opp korger til frisbeegolf på leikeplassen like ovanpå skulen. Frå før av var der seks forskjellige hol på bana. No er talet 12, der tre av dei nye er på leikeplassen.